Oddvar Vignes

Latter, snørr og tårer

Fra kr 18.000,-

For 45 min. oppdrag nær talers hjemsted. Reise, evt. overnatting og mva kommer i tillegg.
Send forespørsel Bli kontaktet

Om Oddvar Vignes

Oddvar er ein erfaren foredragshaldar og humorist, forfattar og sauebonde. Han er gift og har ei dotter, saman bur dei på Finnøy utanfor Stavanger. Etter eit arbeidsliv i mediebransje, sa han opp stillinga som dagleg leiar i lokalavisa for å starte studier. Fullførte i 2022 ein EMBA ved i UIS, med hovudoppgåve innanfor endringsleiing. Ute med boka Sjølvmordsforsøket- livet før og etter i hausten 2022. Brenn for åpenhet rundt psykisk helse og formidler dette på ein måte som både underhalder og engasjerer.

Foredrag med Oddvar Vignes

Finn deg sjølv, før andre gjer det

Det er 13 år sidan Oddvar vart skriven ut av Ullevål sjukehus. Den morosame i gjengen, han med dei gode kommentarane, hadde prøvd å ta sitt eige liv. Familie og venner var i sjokk, korleis kunne dette hende? Finn deg sjølv, før andre gjer det, er eit foredrag om viktigheten av å vere ærlig med seg sjølv. Ei forteljing fortalt med humor og varme. Om ei reise mot slutten som vart starten på noko nytt.

Raushet er gull

Raus me alle untatt deg sjølv? «Raushet er gull» er eit foredrag om kvifor me som samfunn treng meir raushet. Pynta i ein humoristisk tone fortel Oddvar om korleis han måtte læra seg raushet på nytt. Høyr om konsulenten frå NAV som ikkje gav opp, fastlegen som opna kontoret etter stengingstid og familien som la alt til sides når sonen vart sjuk. Og ikkje minst, høyr om han som måtte læra seg at det ikkje hjalp å tenke på alle andre, om han ikkje brydde seg om korleis det gjekk med han sjølv.

Ut å måka skit

Oddvar har lang erfaring som konfransier. Han stiller godt forberedt, "Ut å måka skit" er eit humoristisk foredrag basert på Oddvars eigne livserfaringer. Lær deg kvifor det er praktisk å ha gått på førskulelærarutdanning før du vert lagt inn på psykiatrisk. Og ikkje minst, kva temperatur du bør ha på vatnet om du vil høgtrykkspyle kyrne dine. Passer til julebord, firmasamlingar og ikkje minst, liknanade arrangement. Lengde: 20-45 minutt. Kan også bestilles med musiker Audun Skanke.

Konfransier

Oddvar har lang erfaring som konfransier. Han stiller godt forberedt, med tilbakelent stil og situasjonsbestemt humor.

Toastmaster

Med over 100 bryllup bak seg er Oddvar eit særs godt valg som toastmaster!

2022 © Talerlisten AS