Eit møte med eit menneske, mot alle odds. Rusettervernet er ein frivilleg organisasjon som jobbar med å etablere arena for tidelgare rusavhengige og deira pårørande i gamle Sogn og Fjordane. Dette arbeidet har vi helde på med sidan 1970 og opparbeida oss god kompetanse på kunnskap om rusavhengighet, livsmeistring, sjølvinnsikt og pårøranderolla. På mange måtar gode på recovery før det i heile teke var eit begrep. Vi har jobba tett med offentlege instansar om temaet, både på fylke og kommunenivå og har ein ganske resurssterk medlemsmasse som jobbar frivilleg året rundt. I alt dette arbeidet er det vikitg med påfyll, både av fag og inspirasjon. Her vi nyttar våre samlingar til å ta inn mennesker som har gjort ei endring, anten for andre eller for seg sjølv. Mennesker som kan inspirere, provosere, motivere og bergta.
Og det er her Terje Forsberg kjem inn som eit lyn frå klar himmel! Vi var ein god del som fekk oppleve foredraget han hadde på Storefjell i 2022, på seminaret « Hvordan møte mennesker med psykiske utfordringer og rusavhengige» Det vart tidleg klart at denne mannen måtte vi booke sjølve og allereie året etterpå stod Terje på vår eiga scene. Mannen kom på motorsykkel seint i september og var tilstade saman med oss frå han kom til han reiste. Foredraget han hadde for oss var ei utruleg reise som starta i eit barnesinn møtt med hat, fordommar, raseri, fordumming og forakt. Korleis dette prega oppvekst, møte med andre menneske og ikkje minst møter i han sjølv.
Sjølve historia om Terje, fargelegginga av enkeltepisodar og ikkje minst korleis han omfamnar livet i dag, var både sterk og gripande på alle måtar. Men ikkje ein einaste gong fekk vi inntrykk av at han skulle ha verken medynk eller sympati. Det var noko med formidlinga som gav det heile ei utruleg kjensle av at framfor oss stod det ein krigar. Terje brukte heile seg, heile salen og kom langt inn i hjarta våre med korleis han fann seg sjølv og sin veg oppi all elenda. Og engasjementet i eige liv traff oss verkeleg, oss i salen som sjølve hadde kome til eit punkt der vi måtte velje mellom liv eller død. Ein sat att med utruleg respekt og audmjukheit for arbeidet Terje har gjort for seg og dermed dei rundt han, men også ein skikkeleg og ektefølt kjensle av at det går faktisk ann å snu skuta. Fleire har i ettertid kome til oss og sagt at det var Terje sin måte å formidle på som gjorde at dei turde å ta steget, turde å tru på seg sjølve. Vi kan ikkje anna enn erkjenne at det er noko i måten Terje Forsberg formidlar på, som treff oss som har størst utbytte av å høyre på og minst å tape på å ta steget mot ein annan kvardag! Absolutt ein mann du treng når du vil det minst!